
Aufera

Kven er vi?
Aufera AS er eit aksjeselskap som er eigd av kommunane Radøy, Austrheim og Fedje.
Me har 15 plassar for varig tilrettelagt arbeid. I tillegg kan me tilby kommunale plassar, språkplassar og praksisplassar for vidaregåande skular. All innsøking til varig tilrettelagt arbeid skal gå via NAV.
Aufera AS er sertifisert etter equass som er eit europeisk system for kvalitetssikring av velferdstjenester med ekstern revisjon og sertifisering.
Kva produkt sel vi?
Lokalmat:
-
Kaker
-
Lefser
-
Knekkebrød
-
Ulike sesongprodukt:
-
Ramsløkpesto
-
Syltetøy
-
Olje med smak
-
Vi tilbyr også andre tenester som:
-
VAKTMESTERGRUPPA lagar rastebenkar, blomekassar, postkassestativ m.m.
Me tek også på oss mindre vaktmeisteroppgåver.
-
VASKERI der me vaskar og reparerer klede for industrien, institusjonstøy og for private. Me driv også med matteutleige.
-
TRANSPORTGRUPPA gjer transport for vårt vaskeri og kan ta på seg oppdrag for andre.
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
Varene våre kan tingast og hentast på Aufera. Me kan levera mot ei godtgjersla. Kjøkkenet har ein liten «salskrok» der du kan sjå varene våre utstilt. Opningstid er måndag til fredag 08.00 – 15.30.
Me held til i Mangersnesvegen 72 på Manger. Er i gang med flytteplaner til litt meir sentralt i Manger sentrum der me håpar å vera på plass våren 2020.