
Bratshaug gård

Kven er vi?
Vi begynte våren 2015 med avl av Skotske Høylandsfe for livdyrsalg og kjøttproduksjon. Kjøpte 11 dyr som no har blitt til 23 store og små, som beiter på varierte beiter på Bratshaug og Kårbø nord på Holsnøy. Her har dei tilgang på gras, lyng, lauv tre, bartre og diverse buskar noko som gjer ein variert kost. Kalvane får litt kraftfôr i starten for å gje dei ein god byrjinga i livet. Samt at dei får litt kraftfôr innimellom for å oppretthalda dei tamme. Dermed blir ikkje dyrena avla opp på kraftfor slik som vanlig kjøttproduksjon. Om vinteren får dei i tillegg rundballa, og dei set stor pris på litt brød innimellom.
Dette er hardføre dyr som kan og vil gå ute heile året uansett vær, men dei søke le i skog når dei ønske det. Som eigar har eg mykje sosial kontakt med dei, og stort fokus på dyrevelferd og trivsel.
På Facebook-gruppa; Bratshaug høylandsfe legg eg ut diverse informasjon, reportasje, film, bilde, samt prisar og sal av kjøtt når sesongen er der.
Kva produkt sel vi?
Marmorert kjøtt av skotske Høylandsfe ferdig vakuumpakke frå Larsastova Gårdsslakteri i Granvin. Alle pakninga er i «familie» størrelsar så da passa for dei fleste.
Følgande stykningsdela er normalt tilgjengeleg:
-
Indrefilet
-
Ytrefilet
-
Entrecote
-
Høgrygg
-
Surra Steik
-
Grillribbe
-
Mørbrad
-
Suppekjøtt med bein
-
Sosekjøtt
-
Flatbiff
-
Bankekjøtt
-
Culotte
-
Kjøttdeig
Andre dela og størrelsar kan bestillast på førehand om ynskjeleg.
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
Tar førehandsbestilling på kjøtt når dyr går til slakt. Bestill gjerne via mail. Prislister vil bli lagt ut på Facebook og nettsider med informasjon når dyra går til slakt. Mail sendes til tidlegare kundar.
Kontakt oss:
Telefon - 90 61 21 59
Mail - post@bratshaug.net
Facebook - Bratshaug Høylandsfe
Instagram - Bratshaug Høylandsfe