Fjordslottet Hotell

Kven er vi?

Vertskap og personale på Fjordslottet Hotell har gleda av å ynskje velkommen til ei annleis hotelloppleving. Hovudhuset har over 160 års historie, bygd av bergens kjøpmannen Carl J. Hambro i 1851. Med historie i veggane, omgitt av mektig vestlandsnatur med fjord og fjell, er Fjordslottet ein stad for rekreasjon og aktivitet, eller for store og små selskap, bryllaup, kurs og konferanse. 

Bord med kvite dukar og levande lys ynskjer deg velkommen til måltid med heimelaga mat og god drikke.  Gamle og herskapelege stover inviterer til hyggje og sosialt samvær.  

Vi kan tilby flotte turar, attraksjonar og opplevingar både i nærområdet og andre stadar på Osterøy, som med sitt vakre landskap og kulturelle mangfald og eigenart kan by på minnerike opplevingar. 

 

Hotellet har 42 rom -  1 suite og 6 rom i herregårdsstil på hovudhuset, og 35 rom med balkong i 2 separate gjesteromshus.  I våre selskapslokale kan vi servera inntil 120 gjester.

Kva tilbyr vi på vår serveringsstad?

  • Overnatting

  • Matservering

  • Aktivitetar

  • Selskapsarrangement

Kor held vi til?

Osterøyvegen 2715, 5283 Fotlandsvåg

Kontakt oss: