top of page
GRIPEn GARD 3.jpg

gripen gard 

Helene.jpg

Kven er vi?

Gripen gard vert driven omlag som på 50-talet, av bonden meg - Helene Olli Sollid. Eg er vert for organisasjonen World Wide Opportunities on Organic Farms (WWOOF), og får med dette av og til litt frivillige hjelparar inn på garden, som bidreg til gardsdrifta og anna.

Gardsdrifta er det viktigaste i Gripen. Vi driv med gamalnorsk sau – heile 50 stykk, og grønsaker, tillegg til fisk frå Storavatnet (Ein liten og eksklusiv produksjon), og ull. Heile gardsdrifta og all matproduksjon i Gripen er Debiosertifisert! I tillegg driv vi med Øko-turisme, som: Gardsbesøk, kurs, events, sommarskule, guida soppturar og alt anna mogleg rart som vi kan finne på. Vert å nemne her er at  Helene har laga eit aktivitetstilbod for personar med demens. 

I Gripen har vi innimellom også kurs, alt i frå kare og spinning, tørrmuring, gjetarhundkurs, ull sortering, plantefarging, brikkeveving og lefsebaking m.m.

Overnatting er også mogleg i Gripen, her kan du leige to små koselege minihus, ganske nær tunet. Det er kjøkenkrok i begge hyttene og det du treng for å lage mat. I den nye store grindløa kan ein få frukostbuffé.  På den vetle øya Roseholmen i Storavatnet (5 min å gå frå tunet i Gripen), har vi bygd ein stor og kraftig lavvo. Det er tregolv i lavvoen, feltsenger, madrassar og soveposar, låsbare kister til verdisaker, og elles alt det du treng for å overnatte i villmarka.

Ny driftsbygning: No er den nye, store grindløa ferdig, der er det  mellom anna festlokale med kjøken og toalett, i tillegg til stort produksjonskjøken, slik at eg kan byrje å lage pølse og anna som krev godkjent kjøken av Mattilsynet. Løa har dyrerom i underetasjen og høystål og verkstad på loftet.

På Gripen har vi fokus på det å vere sjølvforsynt, sjølvhjelpen, hauste frå naturen!

Kva produkt sel vi?

På Gripen Gard har vi sesongprodukt, noko som vil sei at du kan kjøpe dei produkta som er i sesong. Elles sel vi  frose kjøt og fisk, i tillegg til hasselnøtter og syltetøy og liknande, t.d.:

  • Fenalår

  • Heil slakt – finpartert

  • Heil slakt – grov partert

  • Pinnekjøt

  • Grønsaker (Mindre mengder)

  • Hasselnøtter

  • Grønskotsirup

  • Røye og aure på frys, ferske eller røykt

  • I tillegg kan du mellom anna kjøpe saueskinn, rå-ull, og heimespunne garn av ull frå eigne sauer.

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

For å bestille gardsprodukt frå oss ta kontakt på e-post eller telefon.

Kontakt oss:

Telefon - 99 29 39 71

Mail - post@gripengard.no 

Facebook - Gripen gard

Instagram - Gripen gard

Heimeside - Gripen gard

bottom of page