
HAUANE GARD

Kven er vi?
Lillian og Sigurd driv Hauane gard på Revheim (Osterøy). Sigurd har hovudansvar mjølke- og kjøtproduksjon, medan Lillian i tillegg driv med grønsaks- og bærproduksjon. Grønsaks- og bærproduksjonen er småskala, men sortimentet er svært mangfaldig. Dei er no på 5 året med grønsaker og bær, kor fokuset på berekraft og naturleg produksjon er viktig. Gjødslene er difor av naturleg art og grønsaker og bær er ikkje sprøyta. Bedrifta er i stadig utvikling, så det er svært mogeleg at det kan komme nye produkt til undervegs, følg med!
Kva produkt sel vi?
Produkta vi sel er bær og grønsaker i sesong:
-
Bringebær
-
Rips
-
Løk (Gul og rød)
-
Kvitløk
-
Purre
-
Potet
-
Gulrot
-
Selleri
-
Stangselleri
-
Blomkål
-
Grønkål
-
Brokkoli
-
Spisskål
-
Salat
-
Bladpersille
-
Bete av ulike slag
-
Sukkererter
-
Bønner
-
Graskar
-
Nepe
-
Reddik
-
Kålrabi
-
Pastinakk
-
Grasløk
-
Dill
-
Timian
-
Oregano
-
Rabarbra
-
Ringblomst
-
Squash
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
-
Lite gardsutsal på garden (Med namn Kokkohuset). Her annonsera vi ein gong i veka kva ein kan bestille på Facebook. Kunden legg inn bestilling her.
-
Deltar av og til på lokale messer og marknadar.
-
Råvarer vert vidareforedla i produkt som vert selt på bensinstasjonen på Hauge på Osterøy (Osterøy servicesenter). Av og til kan dei ha utsal av bær eller grønsaker også.