Hille gard og glamping
Kven er vi?
Hille er eit øybruk i Ytre Gulen, lengst ut i havgapet og ved Sognesjøen. Me, Svein Jarle og Eva driv gard med ca. 300 overvintra gamal norsk sau (Villsau). Sauane går ute heile året og et det naturen gir av lyng, pors, gras og tang med meir.
På gardsbruket lever også to Islandshestar, ti frittgåande høns, to gjetarhundar og ein katt. Me er tre personar som er fastbuande på den ikkje landfaste øya. Alle dyr er «frittgåande», ikkje berre hønsene.
Vi lever alle Det Gode Bondeliv her på Hille!
Kva produkt sel vi?
-
Økologisk kjøtt
-
Spekepølse
-
Villsauskinn
-
Egg
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
For kjøp av våre produkt, ta kontakt med oss på facebook, mail eller telefon.
Kontakt oss:
Telefon - 90 77 29 41
Mail - hillesau@outlook.com
Heimeside - Hille Gard og Glamping
Facebook - Hille Gard og Glamping
Instagram - Hille Gard og Glamping