
Ikeland Gard

Kven er vi?
Ikeland Gard er eit vestlandsbruk med spelsau, høner, ein gris, to hestar, ein kanin og to kattar. Familien som bur her består av Kjersti Linn, Sigve Andreas og to barn i skulealder. Sauene på garden har eit roleg og fint liv, med mykje kos. Dei får gå på grøne beiter heima på garden og på fjellbeite på stølen vår.
Gjennom vinteren vert dei ikkje fora med kraftfôr, men dei får både høy, silo, lauv, tang, bark, rognebær og mask (Biprodukt frå ølbrygging).
Produkta frå garden vår vert produsert av ferske råvarer frå eigen gard, så langt lageret rekk. Me brukar berre salt (utan nitritt) i både spekemat og pølser. Produkta er fri for tilsetjingsstoff, laktose og gluten, og vert laga etter gamle oppskrifter, slik dei har gjort på gardane her på Vestlandet i generasjonar.
Her har me tid til å venta på at produkta får modnast naturleg slik at den gode kjøttsmaken kjem fram. Då treng me korkje tilsetjingsstoff eller krydderier for å få smak og haldbarheit på kjøtet.
Kva produkt sel vi?
Spekepølser, spekekjøt, lammerull/fårerull, pinnekjøt, fersk-frose stykningsdelar av lam.
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
-
Seimstrand på Seim
-
Bringebærfrua gardsbutikk i Alversund
-
Ostereide Kro på Ostereide
-
REKO - ringen i Bergen (Åsane, Fyllingsdalen og Fana)
Kontakt oss:
Telefon - 41 40 84 16
Mail - post@ikelandgard.no
Heimeside - Ikelandgard.no
Facebook - Ikelandgard
Instagram - Ikelandgard