Kilstraumen Brygge

Kven er vi?

Kilstraumen Brygge er eit av fleire historiske gjestehus i Nordhordland. Det flotte gjestehuset har tradisjonar heilt tilbake til 1610 som overnatting, brygge og skjenkestad.

Vår fantastiske plassering mellom sjø og riksveg gjer at vi er lett tilgjengeleg enten du kjem med båt, bil eller buss. Lett adkomst for større og mindre båtar å leggje til ved eigen stor kai rett ved gjestehuset.

​Både M/S Granvin, D/S Oster og Ekspressbåtar kan leggje til kaia ved Kilstraumen.

I tillegg til å være gjestehus har ein moglegheit til å leige båt og prøve fiskelukka. Anlegget og områda rundt er ein perfekt stad for utøving av maritime fritidsaktivitetar, som fiske, padling, bading m.m. Ein har for eksempel mange gode fiskeplassar i gangavstand frå anlegget, og med båt vil ein ha tilgang til den fantastiske skjergarden som området ligg i.

Kva tilbyr vi på vår serveringsstad?

Vi foredlar og serverer norsk tradisjonsmat frå lokale produsentar og leverandørar i Nordhordland. 

Kilstraumen Brygge har alle rettigheiter for servering både inne og ute, og er eit naturleg val om det skal arrangerast blåturar for bedrifter, familieselskap, bryllaup, konfirmasjon, firmaturar eller ein berre treng ei avkopling frå kvardagen.

Kor held vi til?

Kilstraumen Brygge held til i Austrheim Kommune 

Adresse:

​Kilstraumen 1
5943 Austrheim

Kontakt oss:

Telefon - 94 85 39 75

Mail - post@kilstraumen.com

Heimeside - Kilstraumen.com

Facebook - Kilstraumen Brygge

Instagram - Kilstraumen Brygge