top of page
Prosessen.jpg

leiren laks

Logo.png

Kven er vi?

Leiren laks er ei verksemd som foredlar laks, ørret og regnbogeørret slik tidlegare generasjonar alltid har gjort det på garden. Me held til i den vetle Vestlandsbygda Stamnes, innerst i Osterfjorden. Her har det vore fiska etter laks og ørret i årtider frå laksegilja vår, eit utruleg byggverk plassert på ei fjellhylle 20m over fjorden. Det var den ettertrakta Vossolaksen som vart fanga. Den var kjent for sin svært gode kvalitet. Røykjing av fisk var ein naturleg del av livet og matauken på garden og den vart sjølvsagt servert i festlege lag.  Den gamle røkjetradsjonen lever vidare den dag i dag. Det kjenner du på smaken.

 

Kva produkt sel vi?

  • Røykt laks - Rund og god smak frå røykjing med ekte einer.

  • Røykt villaks - Ein fast og fin sesongfisk med nydeleg villsmak

  • Grava laks og regnbueørret - Tørrmarinert filét med lun smak av urter og krydder.

  • Røykt regnbueørret - Ein magrare røykjefisk med unik smak og flott farge.

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

I Hordaland kan du finna oss i dei fleste Meny, Coop, Rema 1000, Joker og Spar butikkane. Du finn oss og i nokre Meny butikkar i Oslo regionen.

Kontakt oss:

Telefon -  97 52 57 47

Mail - holeiren@online.no

Heimeside - Leiren laks

Facebook - Leiren laks

Instagram - Leiren laks 

bottom of page