feddie ocean distillery
Kven er vi?
Feddie Ocean Distillery er eit destilleri på Fedje, som vart etablert i 2019. No er det over 1000 kvinnelege investorar i selskapet vårt. Vi er den einaste brennevinsprodusenten i Noreg som produserer 100 % sertifisert økologisk.
Vi har fått mest merksemd rundt vår gin, Nine Sisters London Dry Gin, men det er whiskyproduksjon som er kjernen i verksemda vår. I dag har vi meir enn 1000 fat med whisky på lager på gamle Fedje Mekaniske Verkstad. Den første whiskyen vart lansert i november 2024.
Kvar dag bryggjer, fermenterer og destillerer vi maltsprit som vi legg på tønner for modning. Å produsere whisky krev at vi har eit langt tidsperspektiv i alt vi gjer, sidan whisky må lagrast i minimum tre år frå spriten blir fylt på fat, til han kan tappast på flasker som whisky. Vi er glade i å eksperimentere, og gjer ei rekke forsøk med ulike typar malt og gjærstammar, i tillegg til dei ulike fattypane vi bruker.
Kva produkt sel vi?
Feddie Ocean Distillery produserer whisky, gin og akevitt. I tillegg jobbar vi med fleire ulike typar brennevin, også i samarbeid med andre spennande produsentar i Noreg.
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
Ettersom vi berre produserer brennevin, er Vinmonopolet vår einaste salskanal mot privatpersonar. Mot bar- og restaurantmarknaden samarbeider vi med selskapet Malt Norge AS, som i tillegg til oss representerer andre kvalitetsprodusentar av brennevin og øl.
Kontakt oss:
Mail - tondersmith@feddiedistillery.no, post@feddiedistillery.no
Facebook - Feddie Ocean Distillery
Instagram - Feddie Ocean Distillery
Heimeside - Feddie Ocean Distillery