
alver hjort

Kven er vi?
Alver hjort er eit hjorteoppdrett lokalisert på Alver i Alver kommune. Oppdrettet blei starta i 2005 av Lars Øyvind Hillestad, og er det einaste hjorteoppdrettet i Hordaland. Etter kalvinga i månedsskiftet mai/juni, har garden over 90 små og store dyr. Produkta frå garden vår vert produsert av ferske råvarer frå eigen gard, så langt lageret rekk. Me brukar berre salt (utan nitrit) i både spekemat og pølser. Produkta er heilt frie for tilsetjingsstoff, og vert laga etter gamle oppskrifter, slik dei har gjort på gardane her på Vestlandet i generasjonar. Her har me tid til å venta på at produkta får modnast naturleg slik at den gode kjøttsmaken kjem fram. Då treng me korkje tilsetjingsstoff eller krydderier for å få smak og haldbarheit på kjøtet.
Kva produkt sel vi?
-
Hel/halvt dyr partert og vakumert
-
Hel /halvt dyr
-
Surra Lårsteik
-
Grytekjøtt
-
Rundbiff/Lårplomme
-
Flatbiff
-
Mørbrad
-
Entrecote
-
Indrefilet
-
Ytrefilet
-
Kvernet Kjøtt
-
Spekepølse av hjort og sau
-
Røykt hjorteskank
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
Er du interessert i produkta våre, kan du ringa 90 78 89 61 eller du kan nytta vårt kontakt skjema for bestilling.