top of page
DJI_0299.jpg

Lyngheisenteret

Lokalemat .jpg

Kven er vi?

Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit nasjonalt og internasjonalt kunnskapssenter som gjennom aktiv drift skal verne lyngheilandskapet, formidle tradisjonar og gje gode opplevingar til besøkjande. Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk og prislønna kulturlandskap, og vi har frisk luft med utsikt til fjord, kyst og fjell.

Restaurant Matstova serverer god heimelaga mat. Ein viktig del av vårt arbeid som eit kunnskapssenter er formidling av mattradisjonar og foredling av råvarer frå naturen. Vi lagar med dette eigne lokalmatprodukt for sal.  

Kva produkt sel vi?

  • Ramslaukpuré

  • Syltetøy 

  • Spekemat 

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

  • I vår eigen gåvebutikk på Lyngheisenteret,  Lurevegen 1575,Ytre Lygra 5912 Seim

  • På ulike messer i Bergen og Nordhordland 

Kontakt oss:

bottom of page