Tøsse mølle
Kven er vi?
I dag er Tøsse Mølle mest kjend for dei gode havregryna. Mølla nyttar ei eiga tørke som er spesial bygd for tørking av havrekjernar. Havrekjernane blir tørka i fleire timar på over 100 grader. Dette gjer at havregryna frå Tøsse Mølle får ei rund og nøtteaktig smak.
Tøsse Mølle var den leiande havremølla i Noreg med merket BJØRN fram til midten av 1990 åra. Då kjøpte Orkla merket BJØRN, og flytta produksjonen av havregryna til Moss.
Etter nokre år med karantene, starta Tøsse Mølle opp igjen med å laga eigne havregryn etter same gode gamle oppskrift - under merket TØSSE. Tøsse havregryn er i dag godt kjend på Vestlandet.
I dag produserer Tøsse Mølle berre havregryn, og nyttar berre norsk havre av beste kvalitet. Mølle lagar òg havregryna til ‘Den Sorte Havre’.
Tøsse Mølle har ei spannande historie. Det er i dag mogleg å tinga eigne guida turar på mølla for å læra meir om mølle historia, og korleis havregryn blir laga. Det er òg mogeleg å kombinera det med ei smaksoppleving på Tøsse Brygghus.
Kva produkt sel vi?
-
Tøsse Kjernetørka Lettkokte Havregryn
-
Tøsse Kjernetørka Store Havregryn
-
Tøsse Kjernetørka Steel-Cut (kjem i 2025)
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
-
Butikkar over heile Vestlandet – spesielt Coop, Xtra etc.
-
Epost til post@tossemolle.no for tinging av kartongar med 12 posar a 750 gram
Kontakt oss:
Telefon - Åge Bruvik 911 88 950, Per Helge Svensson 905 29 868
Mail - Post@tossemolle.no
Heimeside - Tøsse mølle
Facebook - Tøsse Mølle
Instagram - Tøsse Mølle