top of page

Lyngheisenteret

image00021.jpeg

Kven er vi?

Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit nasjonalt og internasjonalt kunnskapssenter som gjennom aktiv drift skal verne lyngheilandskapet, formidle tradisjonar og gje gode opplevingar til besøkjande. Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk og prislønna kulturlandskap, og vi har frisk luft med utsikt til fjord, kyst og fjell.

Restaurant Matstova serverer god, heimelaga mat. Vi har alltid villsausuppe og grønsaksuppe på menyen, i tillegg til kaker og is, og vi har alle rettigheiter.

Kva tilbyr vi på vår serveringsstad?

  • Matservering (Restaurant Matstova)

Restauranten byr på god, heimelaga og kortreist mat, servert med strålande utsikt mot fjord og fjell. Vi har opent heile året for selskap og gruppebestillingar, og på spesielle familiedager. Frå påske til 30.september har restauranten opent onsdag, torsdag og fredag kl. 11-15.30 og søndag kl. 12-17. I vekedagane har vi ein enkel og velsmakande meny beståande av heimelaga villsausuppe, kake og kaffi. 

På søndagane har vi ein utvida og varierande meny, som kan være alt frå lammesteik og hjortegryte til grønnsakssuppe - i tillegg til anna som til dømes vaflar, kake og kaffi.Merk at vi endrar søndagsmenyen avhengig av sesongens varer. 

 

  • Lagar også eigne lokalproduserte produkt til sal

  • Leige av møterom, konferansesal og lokale til selskap eller møter

  • Museumsbutikk

  • Kinosal

  • Utstilling

  • Heile året tek vi i mot grupper, selskap, bedrifter, skuleklassar og studentar etter avtale.

  • Leige av fiskestand og sykkel

  • Overnatting

    • Magnus Gården er omlag 4 minuttars gange frå Lyngheisenteret og har overnattingsplassar til 15 vaksne. Dette er ikkje eit hotell, men eit fint, gamalt gardshus frå 1915. Huset består av følgande rom: 

    • I første etasje: 

      • Sørestovo (2 senger + 1 seng i kammers)

    • I andre etasje: 

      • Sørelemmen (5 senger + 2 i kammers)

      • Norelemmen (2 senger + 2 i kammers)

      • Fjorden (2 senger)

Kor held vi til?

Lurevegen 1575
Ytre Lygra
5912 Seim

Kontakt oss:

bottom of page