top of page
Honning Långesteinen.jpg

LÅNGESTEINEN DA

20230610_222551 – Kopi.jpg

Kven er vi?

Hei! Vi er Line Valle og Tore Andre Sines og bur på garden Valle, om lag midt mellom Seim og Lygra. Garden har vore drifta av familien i 6 generasjonar og vi overtok i 2020. Det er viktig for oss å halde garden og landskapet i hevd. Difor har vi starta opp med den bevaringsverdige geiterasen vestlandsk kystgeit. Dei er supre beiteryddarar og held landskapet ope. Kystgeita likar best å vere ute heile året og er kun inne ei lita periode i kjeinga. Frå den første starten med 4 geit er det no 25 kystgeit som bidrar til eit vakkert kulturlandskap. I tillegg til å starte opp med geitehald har vi også dyrka opp eit gammalt beiteområde og planta nærmare 200 honningbærbuskar. Med god hjelp frå birøktar har vi også hatt bier knytt til honningbærfeltet. Dette har resultert i ein særeigen honning som vi gjerne vil auke produksjonen av etter kvart.

Kva produkt sel vi?

  • Honningbær i sesong

  • Honning

  • Kjekjøt

  • Ved

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

For å kjøpe produkt frå oss kan du kontakte oss på telefon eller epost, eller kontakte oss via Instagram-profilen vår «Langesteinen»

Kontakt oss:

Telefon - Tore Andre: Mob 91575450, Line: Mob 99294474

Mail - post@langesteinen.no

Instagram - Långesteinen

bottom of page