top of page

Mikrogrønt

IMG_6960.jpg

Kven er vi?

Historia om Mikrogrønt er historia om oss, Linda og Remi. Jo meir vi grev i jorda jo meir galskap finn vi på. Nysgjerrigheita driv oss framover i jakta på berekraftige produkt som gir maten ein ny dimensjon. Hos oss i Mikrogrønt finn du eit stort planteutval som spirer og gror, og meir enn hundre frøtypar å velje frå. Vi hjelper deg å finne dei unike råvarene.

Nordhordland er kjent for biodiversitet og plantemangfald. I dette området har vi skapt Bergensdistriktets første innandørsfarm med mikrogrønt. Her dyrkar vi rølpete reddiker, rampete solsikker, ertende erter, og kål og tott, med holdningen til Pippi Langstrømpe: «Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg helt sikkert».

Mikrogrønt er små urter og grønsaker. Det er krona på verket på restaurantmaten, smaksrike ingrediensar og friske råvarer. Det er også noko av det mest næringsrike du kan ete. Supermat med vitamina og minerala som kan brukast i freistande salatar, pestovariantar og smoothies. Mikrogrønnsaker er dessutan meir smaksintense enn vaksne grønsaker. Det er grunnen til at vi brukar dei i våre eksklusive oljer og saltprodukt, med reine, naturlege smakar.

 

Linda har de grøne fingrane. Remi er entusiasten. Saman leiker vi med maten for å gi deg berekraftige kvalitetsprodukt. Vekstane dyrkast fram med energi, omtanke og høg musikk. Dei har til og med sin egen speleliste på Spotify, fordi den beste maten dyrkast med kjærleik.

Kva produkt sel vi?

  • Mikrogrønsaker

  • Karse

  • Koriandersalt

  • Reddiksalt

  • Purreolje

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

  • BAMA Storkjøkken Bergen

  • TL Måkestad (Restaurant, Hotell, Kantine og Catering)

  • Tastebuds.no

  • Lokalmatringen app

Kontakt oss:

Telefon - 90 75 00 19

Mail - post@mikrogront.no

Heimeside - Mikrogrønt.no

Facebook - Mikrogrønt AS

Instagram - Mikrogrønt

bottom of page