top of page

Sandneskaféen

Sandnes kafen.jpg

Kven er vi?

Sandneskaféen tek mål av seg til å vere ein møteplass på tvers av generasjonar der me ynskjer å kunne tilby:

  • God mat og drikke i ein triveleg og lun atmosfære

  • Kunst-, handverks- og husflidsprodukt for sal

  • Ulike utstillingar og konsertar

  • Samkomer på dag og kveldstid med  quiz, føredrag, song og musikk m.m.

  • Seniorsamlingar ein gong i månaden

  • Småbarnstreff

  • Pubkveldar

  • Møtelokale for lokale lag og organisasjonar / festlokale til leige for ulike jubileum, familiesamkomer og liknande

  • Kafélokalet har ein eigen «Skaparkrok» der verten arbeider med ulike kreative sysler som redesign og biletskaping, og der ein del lokale husflidsprodusentar har sine varer i kommisjon.

Kva tilbyr vi på vår serveringsstad?

  • Middagervering enkelte dagar i veka

  • Leige av lokale med servering

  • Pub

Maten me tilbyr er for ein stor del heimelaga tradisjonskost, der kokken likevel er opptatt av å eksperimentera med råvarer og smakar. Der det er råd å få tak i lokalproduserte, kortreiste råvarer, nyttar me det. Døme: kalvekjøt og pølser frå Frøyseth Gardsmat, grønsaker frå Lokalkurven.no, hjort frå Risnes (Jeger sertifisert for vidaresal av slakt.)

Kor held vi til?

Sandneskaféen held til på Masfjordnes (Sandnes).

Adresse: Austfjordvegen 2728

Kontakt oss:

bottom of page