top of page
Solvang gardsmat.jpg

solvang gardsmat 

Solvang gardsmat Kristin_edited.jpg

Kven er vi?

Solvang Gard ligg på Hosteland i Masfjorden, der eg og mannen min lever ut draumen om eit liv på landet etter mange år i butikk- og restaurantbransjen. Me bygger opp att ein nedlagt gard og nyt kvardagen med dyrestell og gardsliv. På Solvang Gard finn du 115 vinterfôra sauer – både villsau og farga spælsau – samt ca. 60 verpehøner og 60 rasehøner som verper egg i ulike fargar. Hønene held til i sin eigen etasje i løa, medan to Mangalitsa-grisar, eller "ullgrisar," bur også på garden. Utsalslokalet, mitt «Happy place», er eit atelier med skinn og kunstartiklar -  kor eg jobbar med alt som ikkje er matrelatert, men kor du kan få kjøpt noko av den maten eg lagar.

Kva produkt sel vi?

  • Pølser

  • Ferdig krydra kjøttdeig og farse

  • Lammekjøt

  • Syltetøy

  • Dressing

  • Krydderblandingar

  • Saueskinn

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

I utsalslokale på Hosteland i Masfjorden (Fensfjordveigen 5986 Hosteland), via Tastebuds.no, Reko ringen Bergen og via personleg avtale. 

Kontakt oss:

Telefon - 95 04 68 88

Mail - kristintorhus@gmail.com

Heimeside - Solvang gardsmat

Facebook - Solvang gardsmat

Instagram - Solvang gardsmat

bottom of page