Tveiten Gard

Kven er vi?

Garden vår ligg ved Alverstraumen i Alversund og er eit typisk vestlandssmåbruk. Me driv med sau og birøkt, og er i tillegg forhandlar for Honningcentralen på Vestlandet. På tunet har me ein utstyrsbutikk for birøkt.  Me har og eit kurslokale der me er vertar for kurs i birøkt, og elles andre kurs og foredrag om grøne emne! Å drive småbruk i dag  går ut på å finne produksjonar som gjer at  ein kan bruke gardens ressursar på ein best mogleg måte. I tillegg må drifta la seg kombinere med anna arbeid utanom garden.  

Etter at me byrja med birøkt har me i større grad fått augo opp for samspelet i naturen, og korleis me kan utnytte dette best mogleg når me produsera mat. Her på garden er det forbode med sprøytemidlar og anna ekstensiv drift som kan truge liv og jord!

Kva produkt sel vi?

  • Vi har eigen spesialbutikk på garden kor vi sel  «Tveiten Gard Bieutstyr» til birøktarar

  • Honning

    • Sumarhonning (Lokalt)

    • Lynghonning (Frå lyngheier på Austrheim)

  • Kvalitetsskinn av utegangarsau

  • Heile skrottar eller parterte lam/sau etter avtale

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

Produkta våre kan du få kjøpt direkte frå garden eller på messer som me eventuelt deltek på.

Kontakt oss:

Telefon - 90 68 69 58 (Anders) | 97 59 53 17 (Tina)

Mail - tveiten.gard@hotmail.com

Facebook - Tveiten Gård