
Waxtjold Villsau

Kven er vi?
Waxtjold Villsau vert drive av Trine og Bjarte, som produserer økologisk gamalnorsk sau langs kysten av gamle Hordaland. Dyra går fritt på naturbeite ved sjøen, der dei finn føda si i lyng, gras og fjøresteinar – prega av vind, vêr og salt sjøluft. Villsauen trivst best ute heile året, klarar seg godt på eigen hand og lever i tett samspel med naturen. Dette gjev eit kjøt med mørkare farge, fint marmorert feitt og ein mild, naturleg smak med tydeleg kystpreg.
Waxtjold Villsau står for kortreist, berekraftig og naturbasert mat – produsert med respekt for dyra og landskapet dei lever i.
Kva produkt sel vi?
• Økologisk villsaukjøt
​
Villsaukjøt har ein mørkare farge, feittet er perfekt marmorert i kjøtet som gjer kjøtet veldig saftig. Smaken er mild og karakteristisk, med tydelege preg av naturen dyra har levd i. Når villsauen går fritt på naturbeite i lyng, vind og salt sjøluft, utviklar kjøtet ein heilt eigen og unik smak.
​
Velkomen til ei kortreist, berekraftig og naturbasert smaksoppleving.
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
Produkta kan du få kjøpt ved å ta kontakt på mail eller telefon.​
Produkta kan hentast direkte på garden etter avtale.


