

Smak av Nordhordland har, i samarbeid med Slow Food Bergen, lansert eit spanande konsept med turar til lokalmat- og drikkeprodusentar i Nordhordland. Her får deltakarane kome tett på produsentane, høyre historiene deira, oppleve kvardagen på garden og bli med på omvising i flotte omgjevnader. Det er òg høve til å kjøpe med seg lokale produkt heim. Konseptet har fått ein strålande start.
Den fyrste turen
Den fyrste turen gjekk til Øvre Dale Gard på Frekhaug og Solheim Vestre Friluftsgard på Radøy, med 45 deltakarar med på opplevinga. På Øvre Dale Gard fekk vi innblikk i økologisk gardsdrift og lokalmatproduksjon, medan Solheim Vestre baud på lunsj, møte med dyra og forteljingar frå kvardagen på garden. Begge gardane synte fram det mangfaldet av lokale produkt som Nordhordland har å by på.
Den andre turen
Trass i ruskevêr vart det ein innhaldsrik og minnerik gardstur i Nordhordland, med 35 deltakarar med på opplevinga. Bratshaug Gård, Vardegard og Gripen gard tok imot oss med gode smakar, sterke historier og nære møte med både folk og dyr. Dagen baud mellom anna på oksar, ei nyfødd geitekilling, song frå Marthe Valle, hjortegryte og avslutning med kakebord.



