

Foto: Gøril Sætre.
Foto: Ruben Soltvedt
Eit nettverk
Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære er eit nettverk for lokalmat- og drikkeprodusentar i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Nettverket løftar fram lokal mat og drikke frå Nordhordland UNESCO biosfæreområde, som vart utnemnt i 2019 og er Noreg sitt første UNESCO-biosfæreområde. Ordninga er gratis å delta i.
Ei merkevare
Produsentar i Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære kan nytte den felles merkevara vår for lokal mat og drikke som vert produsert i området. Logoen kan brukast på produkta til produsentane.
Merkevara løftar fram det rike mangfaldet av dyktige lokalmatprodusentar i biosfæreområdet. Bak kvart produkt ligg det kunnskap, engasjement og omsorg for både råvarene, landskapet og tradisjonane våre. Desse produsentane gjev oss ikkje berre tilgang til lokal mat og lokale smakar – dei er òg med på å styrkje landbruket, halde kulturlandskapet levande og ta vare på mattradisjonane og matkulturen vår for framtida.


Foto: Tina Monslaup.
Foto: Ruben Soltvedt.

%20jpg.jpg)
Foto: Ruben Soltvedt.
Foto: Hella Sopperi.
Krav for å vere med?
-
Minimum 50 % av produktet må vere frå Nordhordland (produksjon og/eller råvarer – til saman må råvare og produksjon komme på 100 % eller meir).
-
Verksemda er plassert geografisk i biosfæreområdet (Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Osterøy, Modalen eller Vaksdal).
-
Produksjon og råvarer må vere tufta på berekraftige prinsipp (dette vert spesifisert i søknadsskjemaet).
-
Krav til å vere registert i Mattilsynet
-
KLS krav i landbruket (Om ein er bonde)
-
Registerte i fiskedirektoratet sitt kjøpsregister (Om ein er fiskar)
Kva får du?
-
Publisitet av verksemda og produkt gjennom våre sosiale media kanalar, samt presentasjon på nettsida til Smak av Nordhordland og i vårt digitale kart.
-
Vere ein del av vår felles brosjyre - vert distribuert rundt.
-
Vere ein del av nettverket Smak av Nordhordland med tilgang på ulike nettverkssamlingar
-
Gratis medlemskap i Matarena (Kurs og kompetansesenter).
-
Moglegheit til å delta i andre prosjekt og aktuelle ressursgrupper i regi av Nordhordland UNESCO Biosfære.
-
Relevant informasjon og nyheiter frå biosfæreområdet.
-
Tilgang til «Smak av Nordhordland UNESCO biosfære»-logo til bruk i marknadsføring.


Foto: Tina Monslaup
Foto: Ruben Soltvedt.


.jpg)

