top of page
Bilde nettside.png

Lokale firmagåver frå Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære 

I dag er ein kjekk dag, vi kan endeleg lansere vårt nye konsept: Lokale firmagåver, som vi har jobba fram saman med Gløde, Klar bedrift og 11 lokale mat og drikke produsentar frå Nordhordland! Du som leiar i ei bedrift kan i dag bestille julegåver til dine tilsette gjennom Gløde, her kan du bestille ulike gåveposar med fantastiske lokalmat- og drikke produkt frå Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære. Det er eit avgrensa opplag, så "fyrste bedrift til mølla"! 

Pose 1 - (359 kr inkl. mva. pr.gåve):

Cookies (Aufera) Saft (Tveita Gardsmat) Bringebærsyltetøy 220 ml (Tveita gardsmat) Reddiksalt eller koriandersalt (Mikrogrønt) Havregryn 750g (Tøsse mølle)

Pose 2 - (575 kr inkl. mva. pr. gåve): Cookies (Aufera) Saft 0,33 l (Molvik gard)

Ramsløksalt (Solvang gardsmat)

Gele (Tveita gardsmat )

Røykt regnbogeørret 250g (Leiren laks) Bringebærsyltetøy 220 ml (Tveita gardsmat) Havregryn (Tøsse mølle)

Pose 3 - (739,- kr inkl. mva. pr gåve.):

Saft 0,33 l (Tveita gardsmat)

Ramsløksalt (Solvang gardsmat)

Salatost (Slettevollen gardsysteri) Bringebærsyltetøy 220 ml (Tveita gardsmat) Honning (Alverhonning)

Røkt regnebogeørret 250g (Leiren laks) Havregryn (Tøsse mølle)

Fiskekrydder 120 ml (Solvang gardsmat)

Pose 4 - (449,-  kr inkl. mva. pr gåve.):  

Saft 0,33 l (Tveita gardsmat) 

Reddiksalt eller koriandersalt (Mikrogrønt)  

Tørka sopp (Aktiv i Modalen)  

Jordbærsirup (Molvik gard)  

Tørka eple (Movik gard) 

Bringebærsyltetøy  220 g (Tveita gardsmat)  

Produkta får du i ein fin pose, med ei brosjyre kor alle produsentane i Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære er presentert.

 

Bestilling av gåvene/transport:

Om du heller ynskjer ei spesialtilpassa gåve, ta konktakt med Gløde - for vi har fleire lokale produkt som kan lagast til dei finaste gåver! Gløde kan transportere gåvene ut til di bedrift etter avtale med Gløde si transportavdeling. Bestill gåvene her: E-post: frukt@glode.no Tlf.: 960 98 506,

Bestillingsfrist: Onsdag 27. november

 

Ei smakfull gåve med god ettersmak!

Når du kjøper ei gåve frå Gløde og Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære kjøper du ei gåve med høg samfunnsverdi, både sosialt og miljømessig. Gløde AS sitt føremål er arbeidsinkludering og kompetanseformidling. Verksemda si målsetjing er å styrke den enkelte sin moglegheit til sjølv å nå måla sine gjennom arbeidstrening, og å komme seg ut i arbeidslivet. Smak av Nordhordland UNESCO Biosfære er ei gruppe lokalmat- og drikke produsentar som produserarar mat og drikke frå Nordhordland. Denne næringa bidrar ikkje berre til tilgang på lokale råvarer, mat og drikke, men òg til utvikling av landbruksnæringa, bevaring av kulturlandskap og ivaretaking av våre mattradisjonar og matkultur. Desse produsentane er gode døme på berekraft i praksis, og er identitetsskapande i regionen vår, noko som er viktig i eit biosfæreområde – som Nordhordland. Gåva du kjøper har dermed ein større verdi som støttar opp om gode formål i samfunnet! Takk for at du kjøper lokalt!

bottom of page