

Foto: Ruben Soltvedt
Nordhordland UNESCO Biosfære
Eit biosfæreområde er eit avgrensa geografisk område der ein jobbar for å finne gode løysingar for framtida . Målet er å skape balanse mellom å ta vare på natur og biologisk mangfald, samstundes som ein legg til rette for verdiskaping og gode lokalsamfunn.
Biosfæreområde er ein del av UNESCO sitt verdsomspennande nettverk, der ein deler kunnskap og testar berekraftige løysingar i praksis – gjennom samarbeid mellom innbyggjarar, næringsliv, det offentlege og forskingsmiljø.
Nordhordland UNESCO biosfæreområde vart godkjent i 2019 som det første i Noreg. Det omfattar kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal, og speglar eit stort mangfald av natur og næringar – frå kyst til fjell. Gjennom samarbeid og dialog jobbar ein for berekraftig utvikling, styrka lokal identitet og betre forvaltning av naturressursane for framtidige generasjonar.
Kva er Smak av Nordhordland?
Smak av Nordhordland handlar om å bruke det vi har rundt oss – i fjord, jord og fjell – til å lage god mat og drikke med lokal identitet. Dette er tett kopla til arbeidet i Nordhordland UNESCO biosfæreområde, der vi er på jakt etter gode døme på berekraft i praksis.
Lokal mat er nettopp eit slikt døme. Her møter tradisjon nytenking, og produsentar i regionen tek vare på råvarer, handverk og kunnskap som har vore viktige i generasjonar.
Gjennom Smak av Nordhordland blir landbruk og havbruk løfta fram som viktige næringar for framtida, samstundes som ein utforskar nye og meir berekraftige måtar å produsere mat på.
Slik blir lokal mat og drikke både ein del av identiteten vår – og ein del av løysinga for ei meir berekraftig utvikling i regionen.
_JPG.jpg)

Foto: Hildegunn Opdal
Foto: Hella Sopperi
Kva får du igjen for å delta i Smak av Nordhordland?
Høyr kva Maya Greve frå Nordre Solend Gård seier om å delta i nettverket Smak av Nordhordland her.



