top of page

Nordhordland UNESCO Biosfæreområde

Nordhordland-UNESCO-Biosfære_emblem-07.png

19. juni 2019 vart Nordhordland utnemnd til eit UNESCO biosfæreområde – det første i Norge. Eit biosfæreområde er berekraftig utvikling i praksis. Det inneber å utforske nye måtar å nytte ressursane på og la det beste frå fortida vere grunnlaget for utviklinga av ein moderne og berekraftig region.

2.PNG

Eit modellområde

Biosfæreområda rundt om i verda er avgrensa geografiske modellområde der målet er å oppnå ein god balanse mellom å ta vare på biologisk mangfald og naturressursar, fremje økonomisk utvikling og sikra ei god samfunnsutvikling ved samarbeid mellom lokalbefolkninga, det offentlege, næringslivet og forskingsinstitusjonar.

 

Biosfæreområda sitt viktigaste verkemiddel er dialog mellom samfunnsaktørane i lokalsamfunnet, og erfaringane verda over viser at dette arbeidet gjev gode resultat. Mange biosfæreområde er dyktige til å fremje lokal identitet og produkt, noko som bidrar til større merksemd kring staden sine ressursar, næringsutvikling og samfunnsutvikling.

Ressursprofil ny 2022 mer farger_page-0001.jpg
Illustrasjon: Kjersti Isdal 

Smak av Nordhordland er ei satsing tilknytt biosfæreområdet!

Hovudmålet i Smak av Nordhordland er næringsutvikling basert på blå/grøne ressursane i regionen. Råvarene vi har her i regionen er heil unike, og dei må vi ta vare på. Landbruket og havbruksnæringa har vore svært viktig i Nordhordland. Smak av Nordhordland er med på å utvikle desse næringane, slik at ressursane og næringa kan vidareførast til neste generasjon. Vi må også tenke nytt i høve til matproduksjon i eit miljøperspektiv, dette er noko denne næringane og desse aktørane kan vere ein pådrivar for. 

01_Nordhordland-UNESCO-Biosfære_primærlogo.png
bottom of page