top of page
20200923_182235 (002).jpg

Kartveit Gard 

IMG_90401 (002).jpg

Kven er vi?

Kartveit Gard ligg midt på Radøy, «den grøne øya», i eit vakkert kulturlandskap. Mellom beitande sau, kaklande høner, leikande kattar og summande bier bur me, ein familie på 5. Gudveig og Odd Martin tok over familiegarden til Gudveig i 2020, ein gard som har vore i slekta i over 250 år. På garden har det vore produksjon av ymse gjennom tidene, og me har nok alle hatt eit felles mål om å forvalte dei ressursane garden tilbyr på ein berekraftig og utviklande måte.

 

Vi starta med birøkt i 2020. Alle kubene våre står på garden, som gjer at me får eit nærare forhold til det interessante biesamfunnet. Vi trur at det mangfaldige og rike kulturlandskapet me har gjev ein ekstra god smak til honningen vår. Me haustar honningen vår to gonger i løpet av sesongen, og får sommarhonning og hausthonning.

 

Då vi overtok garden var det sauedrift her, og det har me fortsett med. No er me nisjeprodusentar for Nortura, og tilbyr sal av kjøt frå garden. Me har òg nokre flotte skinn for sal.I førjulstida sel me juletre frå sjølvhogst. Me har nokre område med ulike typar edelgran. Vi tilbyr overnatting gjennom Kartveit Gjestetun, som er «gamlehuset» på garden. Huset vart restaurert i 2009, og ligg nydeleg til med flott utsikt. Ein populær overnattingsstad for turistar.

Kva produkt sel vi?

  • Honning- flytande og rørt.

  • Kjøt av lam og sau

  • Saueskinn

  • Juletre

  • Overnatting

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

  • Salsbod langs fylkesvegen, ved garden. Radøyvegen 1283

  • Diverse messer

  • Matfra.no

  • Direkte sal

Kontakt oss:

Telefon -  93840587/ 95473223

Mail - post@kartveitgard.no

Heimeside - Kartveit Gard 

Facebook - Kartveit Gard 

Instagram - Kartveit Gard

bottom of page