top of page
Logo (002).jpg

Skøssn Gard

Eplehagen.jpg

Kven er vi?

Skøssn Gard på Skotsund i Alver kommune har i sju generasjonar vore i same familie sidan 1794, og vert i dag driven av Karin Feste og Svein Kvamme.

Karin og Svein overtok garden i 2014, og det blei tidleg kjøpt inn kasjmirgeit for å rydda i busker og kratt då det ikkje hadde vore dyrehald på garden sidan midten på 70-tallet. Etterkvart har geitebestanden sakte men sikkert økt, og i dag er det 14 vinterfôra geiter på garden.

I 2019 starta me rydding av gjengrodd inn og utmark for planting av frukttre, og me har i dag ca. 1300 epletre i tillegg til noko plomme og morelltre. I løpet av dei neste to åra vil me i tillegg planta 500-600 nye epletre. Hovudsortene av eple er Discovery og Aroma, men me har og ein del Nanna som er ein tidleg sort, og Rubinstep som er ein seinare sort. I tillegg har me ein del sortar som me vil prøva ut, blant anna Golden Delicious, Elstar og Leiknes som er ein lokal eplesort.

Sommaren 2023 starta me arbeidet med å setta opp ein ny driftsbygning på garden. «Safthuset» vert eit 200m² stort lokale for vidareforedling av frukt frå garden.

Kva produkt sel vi?

Skøssn Gard er DEBIO-sertifisert, og frå hausten 2023 sel me økologiske eple og plomme til konsum, og foredla produkt frå eple. T.d. råsaft (Nypressa frå eple), eplemost på 0,7l flaske og 3l kartong, sider, syltetøy m.m. Me sel også Kasjmirulla frå geitene våre, denne ulla leverer me til Telespinn og får nydeleg mjukt garn i retur som me har for sal i tillegg til livdyr, skinn og kjøt frå geit og kje.

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

Me tilbyr produkta direkte til kunde frå Skøssn Gard og frå lokale utsalsstader (Bringebærfrua, Feste nærkjøp, Lyngheisenteret mm.) eller via REKO – ringen.

Kontakt oss:

Telefon - 99 25 37 25/ 90 70 60 77

Mail - post@safthuset.no

Facebook - Skøssn Gard 

Instagram - Skøssn Gard

bottom of page