
Slettevollen Gardsysteriet i Brekke
.jpg)
Kven er vi?
På garden vår har vi mjølkekyr, og vi produserer mjølk for Tine. Vi prøver oss no på å foredle litt av mjølka sjølv til ost og syrna produkt. Førebels leiger vi periodevis eit kjøken, så håper vi etter kvart å kunne investere i eit ysteri på garden.
Kva produkt sel vi?
Produkta våre er laga av fersk mjølk frå kyrne våre. Dei fleste av produkta er upasteuriserte:
-
Smørbar kremost med krydder (Som rull eller i beger)
-
Modna kremost: Snøkvit og Oskepott som begge er modna med mjølkesopp. Snøkvit er fastare enn Oskepott (Siste er i tillegg modna med oske)
-
Fetaost, enten i olje og krydder eller som vakumpakka blokk
-
Surmjølk
-
I tillegg har vi steikeost (Halloumi), yoghurt og salatost som er pasteuriserte
Kor kan du få kjøpt våre produkt?
-
Vi har utlevering på Reko-ringen (Åsane).
-
Ta kontakt via facebook eller send ei melding på telefon viss du vil bestille eller lurer på priser på produkta.