top of page

Bringebærfrua

Bringebærfrua.jpg

Kven er vi?

Vi har ein liten gardsbutikk der ein kan finna mykje lokalprodusert mat i tillegg til det vi produserer sjølv. Vi lagar syltetøy i ulike variantar. Bringebærsyltetøyet er ein stor favoritt blant kundane i tillegg til andre typar som, chilimarmelade, aprikosmarmelade, eplemos osv. Vi bakar bakerivarer som brød, rundstykke, bollar, knekkebrød og liknande dei dagane vi har opent.

 

Garden vår ligg idyllisk til like ved den indre farleia i Alversund. Her har det vore produsert mat av ulikt slag i generasjonar.  Alt frå grasproduksjon, blomar, poteter, grønsaker, frukt, kjøt og no bringebær.

Vi er ein familie på 4, Sivert og Ellinor er dei yngste på tunet. Dei er med der det skjer når det skal stellast med dyra, på skogen, i bringebærfeltet, sylting, baking og i alle andre gjeremål gjennom året. Husbonden, Thomas er han som prøve å holde frua i øyrene når det trengs og som alltid har trua på henne. Bringebærfrua er utdanna barnahagelærar og tok i 2015 gartnar utdanning i Ulvik. No jobbar ho på garden med produksjon og driv gardsbutikken.

Vi har rundt 25 vinterfòra utegangarsau som byter på å vera her heime på garden og på Tveitøy som ligg i Alverstraumen. Desse dyra får mykje kos og stell av små og store.

Slutten av sommaren er det høgsesong for bringebær hos oss! Då kan ein få kjøpt nyplukka store Glen Ample bringebær rett frå garden her hos oss. Vi legg stor vekt på kvalitet på bæra våre, dei skal vera ferske, sjå bra ut og ikkje minst smaka himmelsk! Bæra er veldig gode som dessertbær, men også veldig godt eigna som syltebær og til frysing. Vi prøver stadig ut nye ting vi kan dyrka her hos oss, alt frå poteter, ulike grønsaker, urter, bær osv.

Velkommen til vår gardsbutikk!

Kva produkt sel vi?

  • Bakevare: Kransekake, brød, rundstykker og kanelknutar

  • Bringebær

  • Syltetøy: Bærsymfoni, Eplemos, Bringebærsyltetøy, Bringebær og rabarbra, Kiwi og lime syltetøy, aprikosmarmelade m/konjakk og chilimarmelade.

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

  • Ostereidet Kro

  • Knappen Handleri

  • Eigen lokalbutikk heime på garden

  • Diverse markandar

Kontakt oss:

Telefon - 99 63 04 00

Mail - post@bringebaerfrua.no

Heimeside - Bringebærfrua

Facebook - Bringebærfrua

Instagram - Bringebaerfrua.no

bottom of page