top of page

Sande Gardsmat

20200302-IMG_2790.jpg

Kven er vi?

Vi er Bente og Bjarte Nordanger som kjøpte oss gard på Sandøy i Gulen i 1987.

Sidan vi kjøpte garden, har vi utvida med fleire dyr og nye produksjonar.

No produserer vi mjølk, storfekjøtt, kalvekjøtt og egg. Gardsmatsatsinga er vidareforedling av våre eigne råvarer. Vi har eige produksjonslokale på garden, og denne vinteren utvidar vi med fryserom, kjølerom og tørrlager.

Denne hausten har vi tatt innføringskurs i ysting og har tankar om å lage fleire produkt av mjølk.

For oss er bruk av lokale ressursar og velferd for dyr og folk viktig. Det betyr blant anna at store og små dyr er ute frå mai til oktober og vi bruker utmarksbeite aktivt. Vi har lausdrift fjøs for storfe og hønene er frittgåande innandørs.

Kva produkt sel vi?

  • Kalvekjøtt i pakkar og som stykningsdelar.

  • Vi sel alle deler av kalven, frå tunge til hale.

  • Kalveburgarane er blitt kjempepopulære og er eit av våre mest selde produkt.

  • Vi sel brune og kvite egg.

  • Sesongprodukt frå oss er rabarbrasyltetøy og kverna ramsløk.

  • Siste tilskot på produktlista er surmjølk og rabarbrasaft.

Kor kan du få kjøpt våre produkt?

  • Våre produkt får du kjøpt frå garden vår

  • Joker Byrknes

  • Bunnpris Eidsbotn

  • Skjerjehamn restaurant

  • Rekoringane i Sentrum, Åsane, Fyllingsdalen og Fana

Om fleire ynskjer å prøve våre produkt er det berre å ta kontakt.

Kontakt oss:

bottom of page